Gøy på landet. Landbruk i ei postmoderne tid
Boka kom i 2000, og vart utgjeven på Samlaget. Boka var eit resultat av forskingsprosjektet «Rekruttering til landbruket». Ved sida av å vera forskar, dreiv eg på den tida som småbrukar på Sotra.
Korleis må landbruket og landsbygda framstå for å tiltrekkje seg unge som veks opp i eit individualistisk og opplevingsorientert samfunn? Det er tema for denne boka som med si sosialantropologiske tilnærming er eit viktig supplement til kvantitativ forsking på området.Gøy på landet? Landbruk i ei postmoderne tid er eit resultat av forskingsprosjektet Rekruttering av ungdom til landbruket. Forfattaren drøftar korleis garden og bygda må framstå for å trekkja til seg unge som veks opp i eit individualistisk og opplevingsorientert samfunn. Dei unge i dag stiller kvalitative krav når dei vel buform og framtidstilpassing. Dersom slike krav blir stetta, finst det eit omfattande rekrutteringspotensial til landbruket. Eit rekrutterande landbruk må stå fram som interessant, mangfaldig, lystvekkjande og spennande.
Optimisme kjem ikkje berre gjennom økonomiske rammevilkår, seier dei unge, men i minst like stor grad gjennom det biletet landbruket teiknar av seg sjølv. Dei unge ønskjer ei offensiv og breispektra verdimarkering.
Boka freistar derfor å utvikla eit nytt syn på landbruket, der spørsmålet om verdiar står sentralt. Eit einsidig økonomisk verdibarometer har redusert gardsdrift til spørsmål om kroner og øre, dekar, kvoteliter og subsidiar. Dei unge er på si side meir opptekne av dei sosiale, kulturelle og økologiske verdiane.
Boka er utseld frå forlaget, men kan endå kjøpast gjennom haugenbok.no