Den skapande forskaren

Boka kom på Tapir akademisk forlag i 2011, og er eit utdrag av metodedelen i dr.philos-arbeidet mitt.

Forlagets omtale:

Samfunnsforskaren både kan og bør verta ein meir aktiv aktør i utviklingsprosessar, seier HLB-rektor Dag Jørund Lønning i den nye boka Den skapande forskaren. Teoretiske, metodiske og strategiske fundament for ei utviklingsretta forskarrolle.

Boka introduserer og definerer forskaren som nyskapar – som direkte medverkar i sosiale, kulturelle og økonomiske verdiskapings- og utviklingsprosessar. Samfunnsforsking kan gjerast langt meir ”nyttig” for andre utviklings- og samfunnsaktørar, hevdar forfattaren, og tek til ordet for å endra fokus og mål frå forsking til forsking for, frå distansert observasjon til deltakande nærleik.

Forfattaren byggjer gjennom boka opp eit alternativt kunnskapsmål – utviklingskompetanse – forskingsbasert kunnskap for nyskaping og positiv endring.

Boka er utseld frå forlaget. Ny utgåve er under vurdering.


Fatal error: Uncaught wfWAFStorageFileException: Unable to verify temporary file contents for atomic writing. in /home/komposte/public_html/wp-content/plugins/wordfence/vendor/wordfence/wf-waf/src/lib/storage/file.php:52 Stack trace: #0 /home/komposte/public_html/wp-content/plugins/wordfence/vendor/wordfence/wf-waf/src/lib/storage/file.php(659): wfWAFStorageFile::atomicFilePutContents('/home/komposte/...', '<?php exit('Acc...') #1 [internal function]: wfWAFStorageFile->saveConfig('livewaf') #2 {main} thrown in /home/komposte/public_html/wp-content/plugins/wordfence/vendor/wordfence/wf-waf/src/lib/storage/file.php on line 52