Bruk av kompost og kompost-te i storskala landbruk

Ei av industrilandbruksapologetikarane sine fremste standardinnvendingar mot den naturnære jordbokmetoden, er at “Men dette funkar jo ikkje i storskala produksjon!”

Kompost fungerer like godt både i storskala og i småskala produksjon

Kvifor det eventuelt ikkje skulle funka, det foklarar dei aldri. Og dette er verkeleg ei rar innvending når me ser litt utover våre eigne grenser. Fleire og fleire gardar over heile verda – store og små – tek metodane i bruk.

Den verdskjende jordbiologen Elaine Ingham i aksjon ved mikroskopet.

Verdas fremste jordbiolog, dr. Elaine Ingham, innleiar på det store lanseringsseminaret for Jordboka II, 15 – 16 mars, 2019. I den samanhengen har me fått løyve til å visa ein del inspirerande eksempelbilde av dei mange suksesshistoriane hennar over heile verda med bruk av kompost og kompost-te (uttrekk av oppformerte mikroorganismar) i storskala matproduksjon.

Bilda (lenk under) viser døme på dei til dels utrulege effektar auke av mikrolivet i molda kan ha for auka planteproduksjon. Eksempela omhandlar mange ulike produksjonar, også gras.

Vil du ha meir kunnskap om dette? Kom og høyr Elaine på Bryne 15 og 16 mars 2019!

Eksempel på arbeidet til dr Elaine Ingham og Soil Food Web Inc