Syntropi i åker og hage: den naturnære vegen til den grøne framtida

Av professor Dag Jørund Lønning

 

Agroskogbruk; å setja saman att det som lenge var skilt

Agroskogbruk eller skogsjordbruk (begge orda har vore nytta på norsk for det engelske «agroforestry») er ein av dei mest spennande regenerative dyrkingspraksisane. Som namnet seier, er dette å kombinera vekstar og dyrkingsmåtar som i såkalla «konvensjonell» drift lenge har vore haldne avskilte. Grønsaker og andre matvekstar, blir dyrka i tett samkvem med ei lang rekke buskar, tre, blomar og urter. I mange agroskogbruksforetak er også husdyra viktige. Dette kan vera dei tradisjonelle drøvtyggande beitedyra, men også gris eller ulike typar fjørfe. Dyra haustar av overskottet, og gir næring i form av gjødsel tilbake.

Med å auka mangfaldet over bakken, aukar ein også mangfaldet nede i molda. Resultatet er  langt meir karbonlagring/-binding og sterkt auka næringsproduksjon. Dette er difor uhyre produktive system, system som er særleg godt eigna for intensiv dyrking på små eller mindre areal.

Sveitsaren som gjorde ørkenen grøn

Den kanskje fremste pioneren innanfor agroskogbruket heiter Ernst Götsch. Historia om han er historia om sveitsaren som forlot heimlandet sitt for å slå seg ned i Brasil. Der omgjorde han svære areal med utbrent og utarma jord, i praksis sandørken, til eit dyrkingsparadis for alt frå grønsaker til kakao, kaffi og eit vell av trefrukter. Så vellukka var denne omdanninga at den til og med påverka klimaet. Regnet kom tilbake, og det gjorde også vatnet i dei for lengst inntørka elvane i området.

Metoden han brukte, er den same som eg skriv om i Jordboka og Jordboka II. Men Götsch utvikla ein endå meir «ekstrem» versjon. Trea er heilt sentrale. I byrjinga gjekk dyrkinga trått, men det meste snudde, fortel han, då han innsåg korleis tre kunne brukast aktivt for å byggja mold. Beskjering er avgjerande. Då set trea full fart på fotosyntesen for å kunna veksa att, og langt meir karbon kjem ned i molda. Livet i molda skyt også for alvor fart med den tilførte ekstranæringa. Men det aller viktigaste er alt det organiske materialet beskjeringa resulterer i. Greiner, lauv, tjukke stammer; alt blir lagt rett på marka. Der blir materialet overflatekompostert av myriadar av mikrobar, og det er i denne komposten dyrkinga av nyttevekstar skjer. Ingen næring blir tilført utanfrå. Alt veks i det omdanna trematerialet.

Her er heller ingen jordarbeiding utover den som skjer når tre skal plantast og nye felt tilretteleggast. Over tid aukar mangfaldet ytterlegare, både oppå og under bakken. Drona som fyk over ranchen til Götsch, i den fascinerande 15 minuttars nettvideoen om arbeidet hans, viser det som ovanfrå ser ut som tett regnskog. I realiteten er alt me ser nytteplantar og matvekstar. Her veks mellom anna den mest eksklusive kakao i verda.

Götsch kallar metoden sin for «Syntropisk landbruk». Omgrepet kjem frå systemteori og blir der nytta som motsatsen til entropisk.

Her har Götsch verkeleg treft spikaren på hovudet, for få omgrepspar verkar betre eigna til å illustrera dei mange grunnleggjande skilnadene på naturfjerne versus naturnære dyrkingsmåtar, eller på moldøydande versus regenerativt jordbruk om ein vil. La oss sjå litt nærare på desse to omgrepa:

Entropi: historia om ein komande kollaps

Entropi er faktisk kaos oppstått gjennom tilsynelatande orden. Mennesket (i alle fall veldig mange av arten) synest å ha eit veldig behov for å forenkla; for å kategorisera, putta i boksar, sektorisera, redusera og atomisera, for å telja, vega og rekna det meste. Ein vil ta kvar sak for seg, og dermed ha kjensla av full kontroll. Det er dette oversynet me oppfattar som «orden». Me har bygd forbrukarsamfunnet etter denne leista, og den har og vore nytta i oppbygginga av det moderne industrilandbruket. Monokulturar er veldig gode døme. Her tek ein eitt element ut av ein samanheng og isolerer det, for deretter å behandla og forvalta det avskilt frå denne samanhengen. Den eine etter den andre av matplantane våre har lidd denne lagnaden; blitt gjort om til monokulturar. Natur, derimot, er mangfald, og kan berre fungera som mangfald. Når me tek enkeltelementet ut av samanhengen, mangfaldet, det høyrer til i, sluttar naturen sine nærings- og støttesystem å fungera, og me må erstatta dei med våre kunstige og giftige. Natur blir i staden fiende som må nedkjempast.

Det naturen gjorde «gratis» for planten, blir no ekstremt ressurs- og energikrevjande for oss i staden. Me brukar opptil 10 gongar så mykje produksjonsenergi som den matenergi me får ut. Dette underskottet er i ferd med å veksa oss over hovudet. Resultatet av vår reduksjon, les: «orden», er difor i praksis kaos og kollaps. Det er enorme miljøøydeleggingar, utarma og daud matjord over ufattelege areal, nedhogging av verda sine urskogar, akselererande og uføreseielege klimaendringar, katastrofale fall i biologisk mangfald. Eit samfunn og produksjonssystem som bevegar seg mot entropien blir stadig mindre robust, meir sårbart, meir einfaldig, meir og meir avhengig av ressursar som ligg utanfor enkeltmennesket si kontroll. Før eller seinare kollapsar det totalt. Nett no verkar «før» å vera det mest sannsynlege..

Syntropi: kaos som eigentleg er orden

Det regenerative landbruket, og derunder agroskogbruket, har som mål å avverga denne uungåelege kollapsen, ved å lansera ei ny og naturnær utviklingsretning for menneskesamfunnet og måten me produserer maten vår på. Syntropi-omgrepet til Götsch er svært dekkande for kva me prøver å oppnå gjennom den nye grøne revolusjonen. Syntropi er det motsette av entropi: altså faktisk orden oppstått gjennom tilsynelatande kaos.

Det å arbeida syntropisk er å leggja aktivt til rette for kompleksitet, mangfald og samanheng, det er å kopla saman framfor å løysa opp og isolera. Det er å gje slepp på «orden» som samfunns- og landbruksprinsipp, og i staden vedkjenna at element heng saman og at det berre er gjennom å få lov til å henga saman at dei kan utnytta sine respektive potensial.

2 + 2 er ikkje lenger berre 4, men gjerne veldig mykje meir, fordi nye og ukjende verdiar og samanhengar heile tida oppstår når noko som var fråkopla blir kopla saman. Syntropi er vedvarande nyskaping, eit system i stadig fornying, stadig utvikling. Mykje av samanhengane og verdiane vil me aldri fullt ut kunna forstå, og heller aldri kontrollera. Det er denne mangel på oversyn og kontroll me i utgangspunktet oppfattar som kaos.

Men etter kvart oppdagar me korleis systemet faktisk verkar, korleis det å vera i ein samanheng får fram det beste i kvar enkelt vesle levande. Me oppdagar korleis systemet produserer sin eigen energi, til og med eit overskott av den. Og etter kvart går det så opp for oss at dette ikkje er kaos i det heile. Tvert om, me opplever korleis økosystemet i molda, plantane, insekta, dyra og fuglane, og menneska, saman går opp i ein ny samskapande og langt høgare orden – ein orden der ein art ikkje lenger einsidig utbyttar naturen og alle andre artar, men der alle i staden framstår som vinnarar.

Syntropi i hagen

Me kan bruka den naturnære hagen som eit døme på korleis dette verkar. Det å byggja opp ein hage frå grunnen av med plantar, tek lang tid. Dei første åra du plantar til på det arealet som fram til no har vore ein stor og keisam plen, verkar uendeleg lange. Det kan og verka som om plantane, dei det endå er langt mellom, trivst dårleg. Den kalde nordavinden riv og slit i dei og tørkar dei ut, og ikkje ser dei ut til å få det dei treng frå molda heller. Freistnaden kan difor vera stor for å gå bort frå det naturnære idealet, «berre for ei lita stund», og omfamna entropien i staden; altså den «lettvinde» og reduksjonistiske fresen, gifta og kunstgjødselet. Men det einaste du då vil oppleva, er at det naturnære målet vert endå fjernare.

Rådet er rett og slett å halda ut litt til, for på eit tidspunkt endrar det meste seg. Etter oppskrifta i jordbøkene har du halde fram med å så dekkvekstar og å tilføra organisk materiale oppå bakken (omdanninga går langt seinare i kalde Norge enn i varme Brasil, så flis er definitivt betre enn heile trestammer..) og planta stadig meir og tettare. Hagen din, eller dyrkingsområda i hagen, byrjar no å fylla seg opp av eit mangfald plantar i ulike storleikar. Og så brått skjer det: Det meste trivst og veks! Ja, veksten rundt deg opplevest nærmast eksponentiell. Og det utan at du eigentleg treng å gjera noko særleg.

Dette er syntropi! Du har no bygd eit system, eit uhyre komplekst og velfungerande økosystem der den nye planten du set ned får næring frå den levande molda – dei enorme mengder av sopp, bakteriar og rovdyr som finst der – og dei mange andre plantane rundt. Også det som er att av plenen har fått vera i ro over lang tid, og dei gras- og kløversortar som naturleg trivst der, har fått vandra inn og etablera seg. Grasbakken er no ein integrert del av den naturnære hagen.

Mange av samanhengane i dette systemet ser du ikkje, men du anar dei. Dei skaper. Gaia har tatt over tungarbeidet og energiproduksjonen. Den nye planten du no set ned (gjerne oppå bakken utan å grava i det heile), kan nyta godt av eit enormt samspel av næring, verdi og meining.

Hagen blir no ein meir attraktiv stad å vera for deg og. Du nyttar stadig meir tid der. Og du innser at du sjølv er ein vesentleg del av denne skapande natursyntropien.

Du står rett og slett midt i naturen. Som ein aktiv aktør. Og det i din eigen hage. Livet kjennest godt og meiningsfullt. Verdt å leva. Du kjenner deg stolt over det du har skapt, og du kjenner også på eit gryande håp.

Ja, kanskje finst det ei grøn framtid likevel?

 

(Du kan forresten lesa veldig mykje meir om dette i Jordboka II!)