Korleis produsera mest mogleg mat gjennom å spela på lag med og stimulera naturen sine eigne prosessar for sirkulering av næringsstoff? Dag Jørund Lønning orienterer

Internseminar om regenerativt landbruk/hagebruk

Denne komposten er frå i fjor, og har godgjort seg i “Komposthuset” gjennom vinteren. Utgangspunktet er eit stort mangfald av råvarer, noko som er viktig for å stimulera eit mangfald av organismar.

Staben ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) møttest nyleg heime hos rektor Dag Jørund Lønning for eit miniseminar om regenerative driftsformer. Fokus for seminaret var effektiv bygging av mold og intensiv matproduksjon på små areal.

Dag Jørund orienterte om dyrkingsteknikkar som kan stimulera det enorme universet av mikroorganismar til å setja ekstra fart på sirkulering av næringsstoff – og difor produsera endå meir tilgjengeleg plantenæring.

 

Dag Jørund forklarar kvifor “mangfald” bør vera eit overordna prinsipp i all plantedyrking.

Følgjande tema blei behandla:

  • Filosofi: Korleis gjera arbeidet så lystbetont og triveleg som muleg?
  • Økosystemet i molda
  • Filosofi: Frå å gjødsla plantar til å dyrka mold
  • Mangfald i åkeren. Korleis bør me så og kva plantar kan me bruka for å stimulera mikrolivet så mykje som råd?
  • Produksjon og bruk av kompost (varmkompost og kaldkompost)
  • Produksjon og bruk av kompost-te

    Produksjon og bruk av kompostte var tema under seminaret

  • Teknologi (som både menneske og mold trivst med)

    Forskar Olav Eggebø prøver seg med luftegaffelen – eit reiskap som effektivt tilfører oksygen djupt nede i molda utan å snu denne.

 

Med basis i Jordboka har HLB om kort tid klar eit to dagars intensivkurs i regenerativt landbruk/hagebruk. Kurset er bygd rundt temalista over. Dette kurset skal me tilby over heile landet. Interesserte kan kontakta høgskulen på [email protected]