Dialogbasert utvikling. Manual for lokal mobilisering og demokratifornying

Boka kom på Jæren forlag i 2014.

Mobilisering – det å få andre med – er noko av det vanskelegaste i alt utviklingsarbeid. Dette er uansett om ein arbeider for å utvikla organisasjonar, bedrifter, bygder, regionar eller byar.

Dette er ein «manual» i det å leggja til rette for effektive og involverande mobiliseringsprosessar.

Eit sentralt tema i boka er spørsmålet om eigarskap, og Lønning presenterer følgjande gylne regel for alt mobiliseringsarbeid: Den/dei som skal mobiliserast må kjenna eigarskap til mål/ide, kjenna at «dette handlar om meg/oss». Tek ein ikkje dette på alvor, vil prosessen alltid mislukkast, skriv han.

Når byråkratiet og sektorane veks seg sterkare, og meir og meir makt og mynde vert overført frå folkevalde organ til ikkje folkevalde sektormyndigheiter, blir det stadig vanskelegare å rigga prosessar som kan gje denne eigarkjensla. Og når den enkelte sitt rom for å påverka blir mindre, minkar også lysta til å delta.

Boka er difor også ein invitasjon til ein offentleg samtale om det norske demokratiet. Me treng eit langt meir deltakande lokaldemokrati, hevdar Lønning, eit folkestyre som i større grad inviterer enkeltmenneske inn som aktive samfunnsutviklarar. Me treng rett og slett demokratifornying, skriv han.

Boka kan kjøpast m.a. gjennom norli.no