Me treng eit biokrati

Av professor Dag Jørund Lønning

No, like før juleklokkene ringjer, har eg bestemt meg for å koma ut av skåpet. Som biofil. Bio tyder liv, fili tyder elsk. Biofili er då elskhug til livet. Ikkje berre til menneskelivet, men til alt liv. Stort liv, smått liv, mikroliv. Til naturen sjølv.

Motkrefter

Det moderne industrisamfunnet og det postmoderne forbrukarsamfunnet er båe tufta på vedvarande naturutbytting. Mennesket isolerte seg effektivt frå naturen og gjekk til utmattingskrig mot det ikkje-menneskelege livet. Dette er ein krig som blir ført på stadig fleire frontar og med stadig fleire typar våpen. Katastrofale tap av matjord, ditto av skogsmark og naturmangfald, samt akselererande klimaendringar, tyder på at det er ein krig mennesket er i ferd med å «vinna».

Men det finst heldigvis sterke motkrefter, motkrefter som no så definitivt har vind i segla. Så mykje at håpet lever i beste velgåande.

Eg har fått vera vitne til ein nærast eksplosiv interessevekst for korleis mennesket kan samarbeida med dette livet. Og tilsvarande for småskala, naturnær produksjon av mat – til heimebruk eller til direktesal gjennom ymsande nye og spennande salskanalar.

Det er like før jol når eg skriv dette. Eg set siste punktum på den tredje boka om mennesket og det fantastiske økosystemet under føtene våre. Det er vel tre og eit halvt år sida eg byrja arbeidet med Jordboka. Den kom ut hausten 2017. I vår kom så Jordboka II, før Kompostboka. Om å byggja natur no skal ut 14 mars 2020.

Det har vore ei fantastisk tid. Bøkene om molda har blitt storsuksessar, og eg har reist land og strand med bortimot 150 foredrag og kurs om mennesket og moldlivet. Eg har fått vera vitne til ein nærast eksplosiv interessevekst for korleis mennesket kan samarbeida med dette livet. Og tilsvarande for småskala, naturnær produksjon av mat – til heimebruk eller til direktesal gjennom ymsande nye og spennande salskanalar.

Eg har lært enormt mykje. Både gjennom ei rekke samtalar med regenerative nyskaparar over heile verda, gjennom eiga utforsking og intensive litteraturstudiar, gjennom kurs og praksisperiodar med verdsleiande forskarar som rettleiarar, og gjennom veldig mange erfaringsutvekslingar med dyrkarar her heime.

Samla har denne perioden radikalt og fullstendig endra korleis eg forstår, oppfattar og sansar både «natur», «liv» og «produktivitet». Dess djupare eg trengjer inn i naturen sine utruleg rike og ekstremt produktive samspel, dess meir fascinert blir eg. Forelska rett og slett.

Å koma nærare

Nyleg las eg biologen Edward O. Wilson si kjende bok Biophilia. Mennesket, hevdar Wilson, har eit innebygd potensiale i seg til nettopp dette; til å forelska seg i naturen og i andre former for liv.

Mennesket står ikkje over andre artar av levande, held Wilson fram, men me har ei evne andre artar ikkje har; evna til å løfta opp livet som bitt alt levande saman. Mennesket evnar å abstrahera livet som fenomen, og forelska seg i både andre artar og naturen som samanheng.

For natur er ikkje «der ute». Ein kan ikkje trø inn i eller ut av naturen. Me er naturen. Like mykje og like lite som alt anna levande.

Å bli kjend med Wilson sitt vakre omgrep biofili, forløyste noko i meg. Noko som berre har bygd seg opp gjennom desse åra i kompaniskap med det skapande mikrolivet i molda. Fascinasjon og undring førte til interesse, som førte til kunnskapssøk og endå meir engasjement. Eg har i langt større grad opna sansane for korleis naturen rundt meg produserer verdiar og prøvd å omsetja observasjonane til praksis i eigen åker/hage. Ikkje minst har eg følt korleis naturen har svara ved å ta på seg meir av dyrkingsjobben. Med resultat at det har vakse berre betre og betre. Med mindre arbeidsinnsats.  

Slikt inspirer til å søkja endå djupare ned. Studera, praktisera, dokumentera og formidla. Kunnskapssirkelen som aldri stoppar. Å gå inn i den trekkjer meg berre nærmare. Stadig nærmare. Heilt til «avstand til naturen» gradvis forvitrar, og avslørt som den kulturelle konstruksjon den eigentleg er.

For natur er ikkje «der ute». Ein kan ikkje trø inn i eller ut av naturen. Me er naturen. Like mykje og like lite som alt anna levande. Eg er alltid midt i. Ein liten del i ein enorm heilskap, eit verdiskapande fellesskap som går på tvers av artsgrupper og livsformer. Eit fellesskap som er til på vegner av framtida. Som har som mål å produsera og lagra dei verdiar framtida sine generasjonar av liv skal veksa fram frå.

Ut av skapet som biofil

Det er når desse samanhengane går opp for ein at den naturkjærleiken Wilson skildrar kan oppstå. Som kjensle og relasjon er kjærleik basert på symmetri. Definitivt ikkje på dominans. Kjærleik er ikkje eit herre-slave-forhold.

Det eg eigentleg har halde på med i denne tida, delvis medvite og delvis umedvite, er gradvis å gje natur meir og meir meining. Gjort Gaia til aktør. Gjett henne ei røyst. Lytta til denne røysta. Oppdaga – i dei enorme og intelligente arts-samspela ho består av – verdas desidert mest kunnskapsrike og erfarne gartnar. Ho som får plantar til å veksa og liv eksistera høgt oppe, lågt nede, i det våte, i det tørre, i det kalde og i det varme. Ja, praktisk talt over alt og under alle forhold.

Ja, det er henne eg har forelska meg i. Så no, like før juleklokkene ringjer, har eg bestemt meg for å koma ut av skåpet.

Som biofil.

Bio tyder liv, fili tyder elsk. Biofili er då elskhug til livet. Ikkje berre til menneskelivet, men til alt liv. Stort liv, smått liv, mikroliv. Til livet som samanheng, motor og prinsipp, slik det spelar seg ut på tvers av artar og artsgrenser. Til naturen sjølv.

Ho som får plantar til å veksa og liv eksistera høgt oppe, lågt nede, i det våte, i det tørre, i det kalde og i det varme. Ja, praktisk talt over alt og under alle forhold.

Dette er ikkje ein eksklusiv kjærleik. Den gir ikkje opphav til sjalusi. Det er ein inkluderande og ikkje-diskriminerande kjærleik eg er glad for å dela med veldig mange menneske. Og håpar å dela med endå mange fleire i åra som kjem.

Når me no går inn i tiåret der konsekvensane av våre langvarige åtak på naturen kjem til å bli manifeste for nye millionar og kanskje milliardar av vår eigen art (andre artar har lenge fått erfara desse konsekvensane), er vårt menneskelege potensiale til biofili det største håpet me har.

Kunnskapslagring på vegner av naturen

Mennesket er einaste art med evne til effektiv lagring av kunnskap. Denne evna gir enormt utviklings- og påverknadsrom. Kunnskap er makt. Over andre menneske, men i endå større grad over andre former for liv. Ei makt me har utnytta til fulle. Det moderne og postmoderne mennesket vart ein haustar. Me har bygd enorme mengder med kunnskap om det å suga mest mogleg ressursar ut av naturen. På kortast mogleg tid. Velferda vår vart tufta på denne kunnskapen. På øydelegging.

Som del av det same haustingsparadigmet har me strippa natur for samanheng, meining og hensikt, og i staden redusert den til avskilte enkeltepisodar, brutal konkurranse og «skadegjerarar». Ikkje noko ein forelskar seg i, med andre ord. Heller noko ein krigar mot.  

Det er dette Den nye grøne revolusjonen eigentleg handlar om; ei grunnleggjande reorientering i vårt forhold til naturen.

Men som det veljande vesenet me er (ei anna unik evne mennesket har), kan me byggja kunnskap med eit heilt anna føremål: Kunnskap om korleis naturen sine komplekse samspel verkar og skaper verdiar. Kunnskap om korleis me eventuelt kan gå inn og styrka desse samspela. Korleis me kan bruka dei i våre eigne verdiskapingsprosjekt. Korleis me kan byggja og fornya framfor å utbytta og riva ned. Kunnskap om å så, med andre ord.

Det er dette Den nye grøne revolusjonen eigentleg handlar om; ei grunnleggjande reorientering i vårt forhold til naturen. Naturbyggjande/regenerativt jordbruk er å studera korleis Gaia arbeider, for så å mobilisera henne – med det fabelaktige verdiskapingsapparatet ho sit på – i matproduksjonen. Då opphevar me effektivt avstanden mellom menneske og natur. Ein vinn-vinn-situasjon kjem i staden. Mennesket blir naturaktør, ved å aktivt byggja og fornya mold, og produserer samtidig store mengder mat.

Og det er då forelskinga oppstår. Biofilien. Ein opnar sansane for naturen sin uendelege intelligens, og for korleis det vakre uttrykkjer seg i alt rundt ein. I samanhengar så vel som i enkeltelement.

No er det ingen veg tilbake. Kjærleiken er sådd og den vil berre veksa seg djupare og sterkare. Bli livslang. Dette temaet går att i alle intervju eg har hatt med nyskaparar innanfor naturbyggjande jordbruk. Det er også mi eiga erfaring: Det finst ikkje noko meir motiverande enn å kjenna seg på lag med Mor Jord, å kjenna at ein kan dyrka mat og byggja natur samtidig. Produktiviteten aukar. Det gjer også gleda og trivselen. Det blir godt å vera menneske.

Frå demokrati til biokrati

Den nye grøne revolusjonen er ei grasrotrørsle. Den kjem til å halda fram med å veksa, men for at dette livsnødvendige paradigmeskiftet skal kunna skje i stor skala, må også politikken sitt vesen endrast.

Naturbyggjande jordbruk er eit samspel på tvers av artsgrenser. Eit symmetrisk samarbeid mellom menneske og mikroliv med mål om at naturen sjølv, og difor framtida, vert vinnar. Naturvern kan ikkje lenger berre handla om å setja av eit lite restareal her og der. Jordvern kan ikkje avgrensast til arealvern. Naturen må gjevast ei røyst inn i menneskesamfunnet.

Endinga krati tyder styre, og demo er folk. Den demokratiske ideen handlar om å avgrensa og balansera maktbruk. Dei som kan bli utsette for makt skal få hender på rattet. Historia om demokratiet er historia om korleis stadig fleire folkegrupper har fått desse rettane.

Naturen er derimot fullstendig rettslaus. Den har inga stemme, og ikkje noko høve til å avgrensa den maktbruk og utbytting den vert utsett for. Mikrolivet i molda, det me alle er fullstendig avhengige av, er utan noko form for vern. Me har laga reglar for kor tunge maskinar som kan køyra på asfalt og på grus. I forhold til molda er det derimot fritt fram. Med enorme maskinar, med stadig større plogar og fresar. Med kolossale mengder gift og kjemisk gjødsel.

Demokrati er ikkje nok. Skal planeten overleva treng me eit biokrati, eit menneskestyre (for å koma dei som misforstår med vilje i forkjøpet: dette handlar ikkje om at meitemarken eller jordbakterien skal overta presidentklubba) som tek omsyn til alt liv, og utviklar styresett og lovverk som aktivt fremjar det skapande mangfaldet i naturen.

Når sola no snur tenner eg ljos. For det samvelde av artar som utgjer Gaia. For min kjærleik til henne. For biofilien og biokratiet. For den kompostmoderne framtida. For håpet!

Korleis dette kan gjennomførast i praksis? Vel, det må bli det komande tiåret si store politiske oppgåve. For dette hastar! Me startar likevel ikkje med blanke ark. Det finst framleis mange menneske og folkegrupper som sit på kunnskapen om korleis menneskesamfunnet kan utviklast og fornyast utan at dette verkar negativt på naturen som heilskap. Regenerative jordbrukarar over heile verda er også i ferd med å utvikla denne kunnskapen. Det ligg vidare føre spennande forsking om korleis menneskeleg trivsel og tilstanden i naturen heng tett saman: meir levande natur gir meir mennesketrivsel. Den same forskinga tek til orde for å innføra heilt nye biokulturelle parameter for å måla menneskeleg lukke og framgang.

Me må styra livet som prinsipp og forholdet mellom menneske og natur som eit samvelde av artar, skriv miljøforskarane Peter G. Brown & Geoffrey Garver i den viktige boka Right Relationship: Building a Whole Earth Economy. Boka kom i 2009. I den etterlyser forfattarane ei global masserørsle som løftar denne samveldetanken.

Den masserørsla har me no fått. Også her heime. Den nye grøne revolusjonen. Eg er stolt over å vera del av denne.

Men no må også politikarane på banen. Me treng nye styresett og nye samveldelover. Store oppgåver ligg føre oss.

Når sola no snur tenner eg ljos. For det samvelde av artar som utgjer Gaia. For min kjærleik til henne. For biofilien og biokratiet. For den kompostmoderne framtida. For håpet!

Alle foto: Dag Jørund Lønning