Foto: Shutterstock

Om kva klimadebatten eigentleg burde handla om

Av prof. Dag Jørund Lønning

Dei øydeleggjande klimaendringane er menneskeskapte, ikkje heste-, sau- eller kuskapte.

Den viktige klimadebatten har utvikla seg på underleg vis dei siste åra.  Ja, stadig fleire brukar (heldigvis) omgrepet «menneskeskapte klimaendringar», men debatten handlar likevel i realiteten svært lite om menneske.

Det er to andre tema som dominerer:

Det første er husdyr. Og då primært beitedyr (som frå naturen si side produserer metan i vomma). Store delar av den offentlege klimadebatten handlar i røynda om ku og sau. Her heime har den i det siste – absurd nok – også begynt å handla om hestar (Eg tullar ikkje! Eg har i seinare tid registrert ei rekke debattartiklar som presenterer hesten som eit betydeleg klimaproblem..)

Måtane me held og brukar desse dyra på, som jo er den eigentlege utfordringa, slepp unna gransking. Det er i all hovudsak dyra som vert framstilte som problemet.

Dette fokuset er djupt problematisk og direkte farleg på fleire måtar. Fordi mange faktisk trur på det! Eg møter menneske, som følgjer debatten litt på avstand, som seriøst oppfattar at klimaproblemet skuldast husdyr («For det seier jo ekspertane!»). Løysinga desse forfektar blir då tilsvarande enkel; å kvitta oss med desse .. “Me burde berre skyta ned desse forbannede sauene”, var det ein i denne kategorien som sa til meg.

Det andre dominerande temaet er fly. Og, ja, fly slepp ut ein god del, men verdas samla luftfart (i eit normalår) står trass alt ikkje for meir enn 2,5% av dei samla globale utsleppa. Altså kjem 97,5% frå andre kjelder enn fly. Så nei, heller ikkje det å slutta å fyka løyser klimaproblema.

Kva BURDE me snakka om? Me burde snakka om det openberre, men det som likevel har blitt elefanten i rommet i denne alvorlege saka: Me burde snakka om menneske og måtane me lever liva våre på i 2020.

Dei øydeleggjande klimaendringane er MENNESKESKAPTE, ikkje heste-, sau- eller kuskapte. Ja, kjøttkonsumet vårt kan heilt sikkert reduserast ein god del (i alle fall endrast i retning regenerative bønder som både har høg dyrevelferd og legg til rette for effektiv karbonbinding), og ja, mange av oss her i det rike nord både kan og bør redusera på eigne flyreiser.

Men endå mykje meir burde me snakka om det enorme og stadig veksande forbruket vårt:

Det som (a) fører til at mennesket sitt behovet for energi synest umetteleg (og som dermed driv fram både vedvarande oljeutvinning og katastrofal naturnedbygging til vindkraft).

Det som (b) tvingar fram og held oppe industrilandbruket, nasjonalt og globalt. Det ekstremt energikrevjande og matjordøydeleggjande monokulturlandbruket som, om ein inkluderer transport, står for nesten halvparten av dei globale utsleppa.

Og det som (c) byggjer ned lokale verdikjeder og erstattar dei med globale system der varer blir produserte der arbeidskraft kostar minst (og arbeidarane sine rettar er færrast) og deretter transporterte over heile verda til rike FORbrukarar som vil ha det så «billeg» som mogleg.

Det er absolutt ein god ting at ymsande sektorar no putlar med ymsande utsleppssparande tiltak. Men det einaste verkeleg effektive på sikt er å gjera noko med sjølve årsaka. Å dyrka trua på at klimaendringsutfordringane kan løysast utan (kraftig) reduksjon i forbruket, er å dyrka ei drepande løgn. Ei løgn som delvis me, men endå meir etterkomarane våre, kjem til å måtta betala dyrt for.