“Tyngden” si destruktive stemme

Av professor Dag Jørund Lønning

 

Filosofen Friedrich Nietzsche har vore svært viktig for meg i mitt arbeid som nyskapingsforskar gjennom mange år. Han minner oss om at liva våre og framtida blir til gjennom dei aktive eller passive vala me gjer. Som enkeltmenneske og som samfunn. I storverket Slik talte Zarathustra får me møta den ultimate nyskaparen. Nietzsche skildrar denne, for samfunnet så viktige, endringsagenten sin evige og tunge kamp mot dei etablerte sanningane. Dei som stenger for det nye. Samt mot forvaltarane av desse.

Nyskaparen sin erkefiende, Tyngden. I “Slik talte Zarathustra” biletgjer Nietzsche Tyngden som ein drake.

Nietzsche kallar nyskaparen sin erkefiende for Tyngden. Dette er han som pålegg oss å bøya oss for etablerte (menneskeskapte) «sanningar» som om dei var naturlover. Tyngden er han som møter nye, progressive idear og praksisar med «Det der er ikkje realistisk!», «Det der går aldri!», «Det der er berre putl!», osv.

I Nietzsche sin kosmologi er Tyngden billedleg framstilt som Draken – øydeleggjaren av dei nye og gode ideane. Tyngden uttrykkjer Lagnadstrua, vår aller verste menneskelege oppfinning (og det seier ikkje lite!). Det er Tyngden som har vunne når småbønder står med ryggen mot veggen og uttrykkjer at «Me har ikkje noko val. Me må berre bli større. Me må berre bli færre».

Uendeleg mange gongar dei siste tjue år har eg møtt eller blitt fortalt om den destruktive effekten av Tyngden si røyst. Mange mobiliseringsprosessar i organisasjonsliv eller lokalsamfunn er temmeleg rituelle. Framme sit dei med dei nye og spennande ideane. Dei er ofte yngre, og ofte kvinner. Bak, nær utgangsdøra, sit den andre definerte gruppa i salen. Dei er ofte ikkje-yngre, og ofte ikkje-kvinner. Når ein representant frå ein av dei første radene då reiser seg og presenterer den nye ideen, reiser ein nær døra seg med kommentaren: «Det der blir det aldri noko av. Det der har eg ikkje noko tru på!»

Mange som sit på nye idear er usikre i startfasen. Og gjennom denne «dialogen» har Tyngden, han som sjølv meiner å inneha dei endelege løysingane og sanningane, drepe uhyre mange gode idear før dei i det heile tatt blir prøvde ut.

Dag Jørund Lønning. Karikatur i Nationen. Årets bygdeprofil 2015.

Dei siste to åra har eg studert nyskaparar innanfor såkalla regenerativt landbruk, enkeltbønder og organisasjonar som arbeider for å spela på lag med dei produktive krefter som finst i naturen/matjorda frå før av. Dette framfor å halda fram med å øydeleggja dei, og difor saga av greina ein sit på. Dette nyskapingsarbeidet skjer innanfor ein næringssektor som på verdsbasis er versting når det gjeld både klimautslepp, katastrofalt tap av matjord, og like katastrofalt fall i biologisk mangfald.

Eg har reist verda rundt for å møta nyskaparar som arbeider fram reelle alternativ til industriproduksjon, alternativ som byggjer på sirkulering av organiske ressursar lokalt, minimal mekanisk bearbeiding av molda, og fråvære av kjemiske innsatsmildar som gift og kunstgjødsel produsert med store mengder fossile brennstoff. Kostnadane for bonden går drastisk ned, og miljøpåverknadene er minimale. I tillegg utviklar dei nye verdikjeder frå jord til bord, kjeder som både gir rom for fleire hender i molda og rike tilbod til ein veksande marknad for reelt lokal mat.

Det både er og har vore fantastisk å få møta desse, intervjua dei og få høve til å prøva ut nokre av ideane i praksis m.a. på HLB sine dyrkingsfelt på Jæren. Det er kjekt å registrera at dei nye naturvennlege produksjonsformene no blir tekne i bruk i land etter land, på både små og store einingar (gardar på fleire tusen mål både i Australia, Sør-Afrika og USA har endra fokus frå kjemi til biologi som vekstinputs).

Men så er det denne gamle erkefienden att. For ei erfaring har nærast alle som utviklar naturnære landbrukspraksisar: Ingenting provoserer Tyngden meir enn arbeid for naturnær matproduksjon! Det er vanskeleg å sjå at pløye- og kjemikaliefrie produksjonsmetodar skadar nokon, men likevel blir Tyngden tilsynelatande fullstendig rasande når han får høyra om slikt nyskapingsarbeid.

Så då reiser han seg frå plassen bak ved utgangsdøra (eller eigentleg frå erkemuseale fagskyttargraver), og rasar høglytt (i ymsande medium) mot den og dei som torer å påstå at me både kan og må velja annleis enn me har gjort dei siste 40 år (perioden der industrialiseringa av landbruket både har massejaga folk frå bygdene og sett alt liv på planeten i fare). Dersom den som skulle våga seg til å ymta om noko slikt til og med skulle visa seg

Kampen mellom fortsatt industrialisering av matproduksjonen eller ein snunad i retning langt meir naturnær produksjon, er ein kamp om verdiar. Den kan koma til å avgjera planeten si framtid. Naturnære produksjonsmåtar veks no fram over heile verda.

å koma frå utanfor Tyngden sin eigen snevre «fagkrins», blir raseriet så sterkt at det skummar om munnvikene..

Diskredittering er ei ganske vanleg «debattform» frå den kanten. Nærast alle åtak på Jordboka i det offentlege har starta med å poengtera at forfattaren er samfunnsvitar. Kva ein eigentleg vil uttrykkja med denne poengteringa er uklart? At samfunnsvitarar ikkje skal kunna arbeida med menneske og mold? Sjølv har eg arbeidd med denne tematikken i meir enn 20 år både som teori og praksis. Dei siste to og eit halvt åra særs intensivt. Dette inkluderer også etterutdanning gjennom nokre av verdas fremste kunnskapsmiljø på samanhengen mellom jordbiologi og matproduksjon.

Forsøk på “latterleggjering” opplever ein og. Den som ikkje deler Tyngden si lagnadstru på gigamaskinar, kjemikaliar og gift, men som i staden prøver å peika ut nye vegar i samspel med naturen sine eigne produktive system, blir umiddelbart forsøkt stempla som «fullstendig urealistisk».

Nyskaparen sin urgamle erkefiende, Tyngden, har alltid vore ein løgnar. Fordi han prøver å innbilla det einaste reelt veljande vesenet i naturen at det ikkje har val. Men no er han farlegare enn nokosinne. Destruktiv og livsfarleg! Fordi planeten si framtid er truga. Fordi hans, LandbruksTyngden, si eiga såkalla «realistiske» oppskrift – å setja endå meir fart på industrialiseringa i matproduksjonen – er ei oppskrift på total katastrofe.

Det positive er at det ikkje er mange att i denne destruktive gruppa bak ved døra. Dei ropar endå høgt, men stemmene er i ferd med å drukna i eit endringskor. Dette stadig meir mangfaldige koret vil ha mykje meir lokal mat, langt mindre kjemikaliebruk, meir samspel med naturen, meir respekt for livet både over og under bakken, meir dyrevelferd, meir mangfald og mindre monokultur, fleire hender i molda, nye sosiale produksjonsformer og meir fokus på menneskeleg trivsel. Eg skal for eigen del lova å halda fram arbeidet for at dette koret før eller seinare fullstendig overdøyver dei surmaga og stadig meir usaklege ropa frå den destruktive Tyngden.

Ein kortare versjon står på trykk i Bondevennen 11.10.18