Natur eller Antinatur? Den store verdikampen om framtidslandbruket

Av professor Dag Jørund Lønning

I utforminga av framtidslandbruket står me overfor eit grunnleggjande verdival: Skal me halda fram med å venda oss bort frå naturen, eller skal me snu om og prøva å nærma oss den?

Sterke krefter arbeider og argumenterer for at me skal halda fram som me stemnar i dag. På den andre sida er fleire og fleire menneske over heile verda involverte i nyskapingsarbeid for å byggja lokale verdikjeder og utvikla høgproduktive naturnære dyrkingsmetodar som kan utfordra industrilandbruket. 

Dette siste gir framtidshåp. Arbeidet for eit lokalt, naturnært landbruk handlar ikkje berre om produktivitet og trygg mat. Det er ein kamp både for meir demokrati i samtida og for betre planethelse for dei som kjem etter oss.

Antinatur som landbruksideologi

I år 2000 kom urbanist Erling Fossen ut med boka Antinatur. Boka var eit ideologisk forsvar for asfaltliv og eit oppgjer både med det han kalla «naturvernorganisasjonane sine dommedagsforteljingar» og elles med alle som påstår at eit liv tett på naturen er verdt å leva. Fossen følgde seinare same år opp med ein kronikk med tittelen «Aldri har et tre lært meg noe».

Det er lett å sjå tilbake på debatten søm følgde som «småsjarmerande». No, snart 20 år etter, er det i alle fall vanskelegare å finna den ideologiske polarisering mellom by/asfalt på eine sida og land/natur på den andre som urbanisten i si tid inviterte til. Tvert om er sentrumsutvikling øvst på agendaen i utviklinga av bygdekommunen, medan urbant landbruk er noko av det aller mest trendy som skjer i bystrok.

Kven skal dyrka maten vår i framtida? Skal den dyrkast lokalt og baserast på lokale ressursar..

Men ideen om at mennesket er over naturen og ikkje har noko å læra av denne, og at natur difor må vika for menneskelege interesser, den står minst like sterkt no som då. Den – la oss med Fossen kalla ideen antinatur – har vore drivande for vår omgang med omgivnadene våre og med andre artar i mange generasjonar. Som analyseperspektiv og ideologi får den diverre eit stadig sterkare grep også om landbruket. Både ute og heime.

Landbruk er det feltet der ein skulle tru at nærleik til naturen sine produktive prosessar var aller viktigast, men paradoksalt nok er det faktisk her ein finn nokre av dei sterkaste antinatur-røystene. Det er desse som jublar hemningslaust for alle nyvinningar på (gen)teknologi- og/eller kjemifronten, men som blir tilsvarande «kraftig provoserte» av idear og løysingar som handlar om å spela på lag med dei produktive prosessane som er i naturen frå før av. «Avstand» er mantraet her; mellom menneske og makt, menneske og natur, menneske og matproduksjon.

Dei kan vera politikarar, næringsaktørar (med tette koplingar til det beståande), forskarar eller mediefolk. Du kjenner dei på vekst- og erobrarideologien, ein måte å sjå verda på som liknar veldig på den som dominerte i den vestlege verda på 1950-talet (før Rachel Carson kom ut med boka Den tause våren). Vedvarande vekst – og stadig færre hender i molda – gjer mennesket lukkeleg. Landbruk skal underleggjast same effektiviseringsregime som det ein finn i industrien elles. (At det er ein vesensskilnad ute og går her, ettersom landbruk handlar om liv, nemner dei aldri.)

Når lagnadstrua rår

… eller er det kjemikaren og genteknologen som skal stå i fokus? Valet er vårt, og valet skjer no!

I antinatur-ideologien er det makta og lagnadstrua som rår. Menneskeskapte «sanningar» blir framstilte som om dei var tyngdekraft og naturlover. «Me har ikkje noko val, me jo følgja utviklinga», er eit munntame dei likar å spreia om seg med. Den «gode bonden» er den som lydig følgjer tilrådinga om å bli stadig større og investera stadig meir, heilt til ho ikkje har anna val enn å halda fram i det same sporet. (Det økonomen kallar «lock-in» er då eit faktum; ved å innbilla deg sjølv og handla som om du ikkje har noko val, ender du opp med å faktisk ikkje ha det.)

Antinatur-tilhengarane sine fiendar, som dei aktivt prøver å diskreditera, blir dermed alle dei som har sett at mennesket faktisk er eit veljande vesen, og at det går an å velja heilt annleis enn det multinasjonale aktørar og andre makthavarar i industrilandbruket vil ha oss til å gjera. Typiske døme er organisasjonar eller enkeltpersonar som åtvarar mot dei miljøøydeleggjande konsekvensane av industrilandbruk, eller han og ho som tek til gata i protest mot  multinasjonale selskap og deira daudebringande gifter. Dei kan også vera bønder eller hagebrukarar som satsar småskala og naturnært, eller journalistar, forfattarar og forskarar som arbeider med og for eit meir naturnært landbruk.

Korleis lokka fram ein antinatur-ideolog?

Dei som forfektar eit meir reindyrka antinatur-syn på landbrukssida er ikkje nødvendigvis så mange. Men dei er definitivt høglytte. Vil du prøva å lokka dei fram? Her er nokre tips (eg har sjølv prøvd dei, og kan garantera at dei er effektive):

Prøv å hevda offentleg det alle eigentleg veit, at dei aller fleste bønder i verda er småbønder og at småskala naturnært landbruk kan vera uhyre effektivt. Dette agnet verkar alltid. Denne sanninga bryt nemleg så fundamentalt med Antinatur-ideologien at den må nedkjempast med alle midlar.

Skriv noko positivt om «regenerativt landbruk». Då ser dei raudt! Både store internasjonale forskingsprosjekt, samt den mest omfattande gjennomgang av effektiviteten til ulike klimatiltak som er gjennomført til no, har kome til at eit meir naturnært landbruk har potensiale for å henta ned store mengder CO2 frå atmosfæren og lagra den som karbon i matjorda. Ein skulle tru at karbonlagring i matjord var eit vinn-vinn-prosjekt: mindre CO2 i atmosfæren og meir livgivande karbon i matjorda. Men dei som forfektar antinatur-filosofien ser det ikkje slik. Så kategorisk avvisande har nokre av dei vore at motstanden framstår nærast som prinsipiell. Ein journalist i ei større avis som hadde ei sak om karbonlagring for ikkje så lenge sidan, fortel at eposten hans nærast blei bomba frå Antinatur-leiren i etterkant.

Vis til internasjonale undersøkingar som seier at verda kan fø seg sjølv utan gift og kjemisk gjødsel, og dei høgg garantert til som gjedder i sivet. Sannsynlegvis er det å skriva noko fordelaktig om økologisk landbruk i seg sjølv tilstrekkeleg for å få napp. Eller du kan velja å gå andre vegen: Skriv om skadar på folk og miljø av multinasjonalt framstilte giftstoff, og vipps!, fast fisk med ein gong (du får rett og slett aldri ein antinatur-tilhengar til å vedgå at gift er giftig).

Det kan vera nok å berre referera til Jordboka. Dei er der. Hissige som lemen. Spesielt historia om Singing Frogs Farm fungerer som ein raud klut, og det er ikkje måte på negative og diskrediterande innlegg som har kome både i media og sosiale media (for ikkje lenge sidan stod det eit lesarinnlegg i Bondevennen der det til og med blei hevda at historia om den vesle garden i California kunne øydeleggja for bøndene i landbruksforhandlingane!).

Folk flest blir glade når dei høyrer om den prisløna SFF. Dette er småbruket på under 40 da som ikkje pløyer, ikkje sprøytar, ikkje brukar verken kjemisk gjødsel eller uomdanna husdyrgjødsel, totalt avviser GMO, baserer seg på trillebår og minitraktor som teknologi, men som likevel har blitt ein av verdas mest økonomisk produktive gardar om ein reknar produksjon pr. arealeining.

SFF er ein av stadig fleire gardar rundt i verda som har suksess med naturnær drift. Metoden er høgintensiv, og det kan dyrkast store mengder mat på svært små område. Og det utan dyrinnkjøpte og svært ofte miljøskadelege innsatsfaktorar. Slik sett blir SFF eit veldig potent symbol. Garden viser oss som kjempar for eit langt meir naturnært landbruk at det finst reelle, fungerande alternativ til rådande industriregime og vekstlogikk.

Men garden viser jo antinatur-tilhengarane det same! Og difor blir dei slett ikkje glade i det heile. Tvert om, dei blir rasande. Årsaka til raseriet er sjølvsagt at SFF utfordrar det som finst av etablerte sanningar i industrilandbruket. Dei er bitte små, dei er naturnære, dei er uhyre produktive. Slikt skulle jo ikkje gå an..

Den harde verdikampen om framtida

«Moderne landbruk er ei suksesshistorie», høyrer ein ofte frå forsvarar av det beståande (ein alternativ måte å kjenna att ein som forfektar antinatur-haldningar, er at han/ho aldri brukar nemninga «industrilandbruk»). Og kva svarar me som kjempar for det meir naturnære på denne påstanden? Me vedgår gladeleg at industrilandbruk – definisjon: å overføra teknologisk og økonomisk rasjonaliserings-/effektiviseringslogikk utvikla for produksjon av industrivarer til produksjon av liv og produksjon basert på liv – evnar å produsera store mengder råvarer på kort tid. Men miljøkostnadene er enorme, og dei er me rett og slett ikkje villige til å ta:

Globalt er landbruket den sektor som medverkar desidert mest til klimautslepp. Opptil ein fjerdedel av utsleppa, og det er berre på produksjonssida. Om ein tek med transport- og konsumsidene ved matproduksjonen, tippar me kanskje 50%!

Det katastrofale tapet av matjord held fram over heile verda, og det same gjer nedgangen i biologisk mangfald generelt og tap av insektliv spesielt. I alle større rapportar som har sett på årsakssamanhengar, blir industrilandbruk utpeika som hovudskurk.

Det er rett og slett tid for å kalla ein spade ein spade: Industrilandbruk har aldri vore berekraftig og vil heller aldri bli det. Litt grønvasking av fasaden gjer ingen forskjell i så måte. Kampen om styringsretning framover – om me skal venda om og nærma oss naturen eller halda fram med å erobra og øydeleggja den – er ikkje ein kamp mellom absolutte storleikar[1] eller mellom «rett» og «feil». Det er ein fundamental kamp om verdiane som skal liggja i botnen for samfunns- og næringsutvikling, om mennesket si rolle i naturen, om kva planet me vil overlata til etterkomarane våre.

Det er eit enormt demokratisk underskott på landbruksfeltet

Denne konflikten vil berre veksa seg stadig sterkare i åra framover. Gjennom utgjevinga av Jordboka har eg kome tett på to særs ulike grupper:

  1. Det finst veldig mange menneske der ute som ønskjer reelle endringar når det gjeld korleis me produserer og omset maten vår. Dei ønskjer meir nærleik og mindre avstand. Mange vil dyrka sjølve, medan andre att ønskjer å koma tettare på dei som dyrkar. Interessa for eit meir naturnært landbruk er allereie formidabel og stadig veksande.
  1. Dei som støttar det eksisterande industrielle landbruksregimet er villige til å kjempa med nebb og klør for å kunna styra vidare etter same lest: meir vekst, stadig færre, stadig større, endå meir avstand mellom den som dyrkar og den som et.

Representantane for denne siste gruppa er ikkje nødvendigvis mange i tal, men dei har enorm politisk og økonomisk makt. Faktisk har dei nærast all politisk makt på landbrukssida, for det er dei som i praksis definerer kva «landbruk» er og kva «landbrukspolitikk» skal omhandla. Korleis me dyrkar maten vår og forvaltar naturen og landskapa våre, er sjølvsagt tema som interesserer uhyre mange og som vedkjem oss alle. Men den breie samfunnsdebatten er heilt fråverande på landbruksfeltet. I staden er landbrukspolitikk gjort til så snever og spesialisert sektorpolitikk at ingen utanfor sektoren i praksis evnar å ta del i debatten.

Dyrking i byrommet er ein viktig del av den lokale matrevolusjonen. Dette skjer over heile verda i vår tid. Nye undersøkingar viser at 20% av maten i verda blir i dag dyrka av byjordbrukarar, andelsjordbrukarar og parselljordbrukarar (https://www.greenbiz.com/article/urban-farms-now-produce-15-worlds-food).

I den grad dei politiske partia i det heile bidreg, er dette i form av ein ritualisert krangel i pressa og på tinget kvar vår om kven som vil gi mest og minst til stadig færre bønder. Reelle politiske alternativ som kan føra til fleire hender i molda og/eller meir naturnær produksjon, er det derimot svært så smått med.

Eg har det siste året blitt invitert til møte med politikarar og grupper frå ulike parti. Utgangspunktet er at ein ønskjer innspel til ny politikk. Ein ser behovet for ei revitalisering av landbrukspolitikken, men når det kjem til stykket så kokar det såkalla «nye» ned til å foreslå endå ei ny tilskottsordning eller eventuelt å fjerna ei eksisterande..

Det er i praksis eit gigantisk demokratisk underskott på landbruksfeltet! Det som i realiteten handlar om mange og breie samfunnsinteresser, er redusert til ein snever arena for dei initierte og spesielt interesserte. Situasjonen for landbrukspolitikken kan oppsummerast på følgjande vis: Aldri har noko som er så viktig for så mange blitt redusert til å gjelda for så få! Dei mange og stadig fleire menneske som ønskjer reelle endringar og eit meir naturnært landbruk, er i praksis utan politisk representasjon.

Dette er sjølvsagt langtfrå eit særnorsk fenomen. Me ser det over heile verda: korleis dei store økonomisk aktørane som styrer industrilandbruket har fått høve til å definera og leggja premissane for landbruksdebatten. Ordet demokrati kjem frå det greske «demos kratos» og betyr «makt til folket». Ettersom det industrielle landbruket og det korporative maktsystemet som held det oppe vaks fram, tapte folket i realiteten makta over maten.

Den lokale landbruksrevolusjonen for meir demokrati og betre planethelse

Og difor tek stadig fleire til gatene. Mot dette enorme demokratiske underskottet. Mot korporative avgjerdskanalar utan tilgang for meinigmann. Mot multinasjonale selskap og deira miljøgifter. Mot kolossale transportavstandar, monokultur og industriell matproduksjon.

Og difor veks også dei naturnære og særs lokale gardane fram. Og difor startar stadig fleire med parsellhagar og andelslandbruk, eller byrjar å dyrka i eigen hage. For å kunna uttrykkja kjærleiken til den fantastiske matjorda. For å koma tettare på naturen sine produktive krefter. For å sikra trygg mat, lokalt eigarskap og brei involvering.

Kampen for den lokale maten og det naturnære landbruket, er altså ikkje ein kamp for endå fleire nisjeprodukt for kravstore forbrukarar, men ein kamp for demokrati og planethelse.

Ein overordna bodskap frå dei mange aktørane over heile verda som saman utgjer det me kan kalla den lokale matrevolusjonen, eller den nye grøne revolusjonen om ein vil, er at me menneske ikkje kan halda fram med å forbruka og øyda naturressursane rundt oss for å fø oss sjølve. Radikal endring er avgjerande viktig om planeten skal ha ei framtid. Me må sjå på naturen som læremeister og ikkje som erobringsobjekt. Me må bryta den vonde sirkelen med tilsynelatande evig kostnadsjag og «effektivisering».

Det å utvikla og leggja til rette for desse endringane, er ei av dei største utfordringar me menneske nokosinne har stått overfor.

Både Gandhi og vår eigen Arne Næss snakka om å vera den endring du ønskjer å sjå i verda. Dette er definisjonen på aktivisme, og lokal aktivisme er den sentrale drivkrafta i denne svært så fredelege samtidsrevolusjonen. Gjennom praktisk handling tek ein dyrkinga, foredlinga og salet av maten tilbake til der folk bur. Det er den boblande menneskelege kreativiteten, engasjementet og den breie involvering, ryggrada i den lokale matrevolusjonen, som utgjer den største kjelda til optimisme i ei tid som elles er så sterkt prega av dystopiske framtidsbilde.

Det naturnære landbruket

Naturnært landbruk – slik eg skisserer det i Jordboka – er ein heilt sentral del av denne alternative, berekraftige framtida. Den framveksande kunnskapen om den produktive molda gjev grunnlag for å utvikla eit landbruk som ikkje lenger er verken klimaversting eller biodiversitetsøydar. Tvert om, eit naturnært landbruk byggjer natur framfor å øydeleggja den.

Ei vidare konkretisering er tema for den oppfølgjaren til Jordboka eg no arbeider med. Her er nokre av dei prinsipp og målsetjingar eg meiner bør liggja til grunn når me skal utvikla det naturnære landbruket:

Naturnært landbruk skal..

  • Bidra til meir biodiversitet i molda og i gardslandskapet
  • Spela på lag med det produktive økosystemet i molda
  • Aktivt byggja humus og matjord
  • Vera karbonnøytralt eller karbonpositivt der dette er mogleg (fanga meir karbon i molda enn det ein slepp ut som CO2 eller andre klimagassar gjennom produksjonsprosessen)
  • Byggja og vera del av lokale og korte verdikjeder
  • Produsera på lokale innsatsfaktorar
  • Sirkulera ressursar lokalt
  • Utnytta dyrkingsareala effektivt (og ikkje, slik me i aukande grad ser det i dag, berre produsera på dei areal som let seg hausta med store maskinar, medan dei andre areala gror att)
  • Skapa større forståing og interesse for korleis dei produktive prosessane i naturen verkar og korleis menneske kan spela på lag med desse (utan å øydeleggja dei)
  • Skapa lyst til og interesse for å arbeida med den fantastiske matjorda
  • Byggja lokalsamfunn og involvera fleire menneske i dyrking av mat
  • Ha mangfald som sjølvstendig mål

Me vel vår eiga framtid

Professor Dag Jørund Lønning i eigen åker

Siste halvår har eg møtt endå fleire av dei verkelege nyskaparane i landbruket, dei som er med og omset slike prinsipp til konkret dyrkingspraksis. Eg har og gjennomført eit firedelt studie- og sertifiseringsprogram rundt forholdet mellom mikrolivet i molda og plantedyrking. Lærar har vore den som truleg veit mest om temaet i verda, dr. Elaine Ingham, stiftar og president i Soil Food Web Inc (Eg skriv om henne og arbeidet hennar i Jordboka. Komande haust skal eg vitja garden hennar, og det blir meir om dette i bok nummer to).

Dette har vore fantastiske og lærerike erfaringar som berre har styrka trua mi på at eit reelt alternativ til det naturøydande industrielle dyrkingssystemet ikkje berre er mogleg, men at det faktisk er under utvikling.

Det ser sjølvsagt også dei som forfektar lagnadstru («me har ikkje val») og meir eller mindre reindyrka antinatur-ideologiar, og difor vil åtaka frå den kanten berre bli fleire framover.

Då er det greitt å ha med seg at all lagnadstru til sjuande og sist byggjer på løgn. I realiteten skaper me menneske vår eiga framtid (Uheldigvis for våre medskapningar på planeten har me makt til å skapa deira og).

Mennesket er eit veljande vesen, og val blir styrte av verdiar. Verdikampen om framtidslandbruket – om natur eller antinatur skal vera styringsretning – blir hard, og den kjem til å stå på mange ulike arenaer. Nokre få, med mykje makt i dag, har store økonomiske interesser å tapa dersom den grøne og lokale landbruksrevolusjonen lukkast. Planeten, derimot, og alle artar av levande som bur på den, har alt å vinna på det.

[1] For å koma eventuelle misforståingar i forkjøpet: «Natur» eller «Antinatur» finst sjølvsagt ikkje som definerte mål «der ute». Dette handlar om retning og verdisyn, ikkje om «stor» eller «liten». Den som ønskjer å læra meir om naturen sine produktive prosessar og spela på lag med desse, gjer det utifrå eigen ståstad og føresetnad. Eg har i det siste møtt fleire storbønder som har ønskje om å utvikla seg i naturnær retning. Saman har me gått gjennom potensielle omleggingar i drifta for å kunna gjennomføra eit slikt retningsskifte. Regenerativ beiting og kompostering av husdyrgjødsel kan vera døme på aktuelle tiltak.