Den norske bygda og den store verda. Om lokal utvikling i ei global tid.

Artikkelsamling, men eg har skrive brorparten av boka. Kom på Telemarksforsking-Bø i 2003. Har vore mykje nytta som pensumlitteratur.

I boka vert det skapt eit nyvinnande og produktivt rom for bygda i samtida, den kulturøkonomiske utviklingsstrategien.

Sju forskarar har medverka, og alle er samde om at bygda slett ikkje er ”ute”. For å nå fram i vår ”postmoderne” verd, må ein likevel sjå med nye auge på bygderessursane. Mange er i dag på leiting etter det særprega lokale, dei kunnskaps- og kulturuttrykk som gjer staden spesiell og annleis.

Industrisamfunnet var i stor grad prega av standardisering, og den særeigne og lokale bygdekunnskapen vart ofte sett til side. I dag er det denne som må fram att, og det negative språket om bygda må erstattast med eitt som fokuserer det spesielle og spanande ved bygdelivet; det som byen aldri kan tilby. I framtida vil det særeigne bli stendig meir etterspurt. Både turisten og den som skal busetja seg ein stad vil leita etter det heilskaplege lokale/regionale uttrykket. I den lokale kulturen og kunnskapen – i t.d. natur, mytologi, byggjeskikk, mat, folklore – kan det liggja kime både til ny identitet og til nye produkt.

Viktige strategiske grep er såleis å få fram kva bygda har som byen ikkje har, kva vår stad har som andre stader ikkje har, og kva me kan lokalt som få eller ingen kan betre enn oss. Sterk lokal identitet og medvit om lokale føremoner og ressursar, er føresetnader for positiv utvikling i dag, hevdar denne boka. Med feste i det særprega lokale, og med ein gjennomtenkt og synleg marknadsføringsprofil utetter, kan me gjera den norske bygda til ein aktiv deltakar i vår globale samtid